Skip to content

Latest commit

 

History

History
97 lines (56 loc) · 10 KB

nn.md

File metadata and controls

97 lines (56 loc) · 10 KB
id name shortname complete
nn
Norsk nynorsk
Nynorsk
true

Ein designkodeks

  1. Ein designar er fyrst og fremst eit menneske.
  2. Ein designar er ansvarleg for arbeidet som vert laga.
  3. Ein designar verdset verknad framfor form.
  4. Ein designar forpliktar seg til å gje oppdragsgjevarane sine råd – ikkje berre arbeid.
  5. Ein designar verdset og oppfordrar til kritikk.
  6. Ein designar strevar etter å kjenne dei ein designar for.
  7. Ein designar trur ikkje på unntakstilfelle.
  8. Ein designar deltek i ein profesjonell fellesskap.
  9. Ein designar verdset ein mangfaldig og konkurransedyktig fellesskap.
  10. Ein designar tek seg tid til sjølvrefleksjon.

Ein designar er fyrst og fremst eit menneske.

Du er fyrst og fremst eit menneske, deretter designar. Som alle andre menneske i verda, deltek du i ei sosial kontrakt. Vi delar planeten. Når du vel å vere ein designar, vel du å påverke alle dei som er borti arbeidet ditt. Du kan anten hjelpe eller skade dei med handlingane dine. Konsekvensane av handlingane dine og verknaden dei har på verda bør alltid vere eit hovudfokus.

Alle menneske er forplikta til å gjere sitt beste for å etterlate verda i ein betre tilstand enn då ein kom til. Designarar kan ikkje seie frå seg dette ansvaret.

Når du utøver arbeid som er avhengig av sosial ulikskap for å lukkast, gjer du ein dårleg jobb som medmenneske, og derfor også som designar.

Ein designar er ansvarleg for arbeidet som vert laga.

Design er ei handling. Du er ansvarleg for det du introduserer til verda. Arbeidet er underteikna ditt namn. Sjølv om det er umogleg å føresjå korleis arbeidet ditt kan bli brukt, så bør det ikkje vere ei overrasking når arbeid som er meint å skade nokon, også oppfyller formålet sitt. Vi kan ikkje verte overraska når eit skytevåpen drep nokon. Vi kan ikkje verte overraska når ein database vi designa for å kategorisere innvandrar får desse invandrarane deportert. Når vi medvite lagar noko som har skade som formål, skriv vi frå oss ansvaret vårt. Når vi lagar noko som skadar andre, utan å vere medvitne, fordi vi ikkje vurderte omfanget av arbeidet, er vi dobbelt så skuldige.

Arbeidet du introduserer til verda er ettermælet ditt. Det lev lenger enn deg. Og det vil snakke for deg.

Ein designar verdset verknad framfor form.

Vi må frykte konsekvensane av det vi lagar, heller enn å elske kor lure idéane våre er.

Design eksisterer ikkje ei eit tomrom. Samfunnet er det største systemet vi kan ha verknad på, og alt vi gjer er ein del av dette systemet – både det gode og det dårlege. Til sjuande og sist må vi vurdere verdien av arbeidet vårt i lys av verknaden det har, før estetiske aspekt. Eitkvart objekt som er forma for å skade folk kan ikkje kallast godt design, uavhengig av kor estetisk tilfredsstillande det, fordi å designe det «godt» er å designe det slik at det skadar andre. Totalitære regimer kan ikkje produsere godt design, nett fordi det er designa av eit totalitært regime.

Ein designar forpliktar seg til å gje oppdragsgjevarane sine råd – ikkje berre arbeid.

Å få eit designoppdrag er å verte hyra inn for ekspertisa si. Jobben din er ikkje kun å lage noko, men òg å vurdere kva for verknad det vil ha. Jobben din er å formidle denne vurderinga til arbeids- eller oppdragsgjevaren. Dersom verknaden er negativ, er jobben din å seie ifrå om dette til oppdragsgjevaren undervegs, og dersom mogleg, eliminere den negative verknaden arbeidet måtte ha. Dersom det er umogleg å hindre den negative verknaden, er det jobben din å hindre det i å sjå dagens lys. Du er med andre ord ikkje hyra inn for å grave ei grøft, men for å evaluere dei økonomiske, sosiale og miljømessige konsekvensane av denne grøfta. Viss gravinga av grøfta ikkje er i samsvar med desse krava, er det jobben din å øydelegge spadene.

Ein designar nyttar ekspertisa si for andre, utan å vere ein tenar. Å seie nei er ein dugleik. Å spørje korfor er ein dugleik. Å himle med augo er ikkje ein dugleik. Å spørje seg sjølv korfor vi lagar noko er eit uendeleg betre spørsmål enn å spørje seg sjølv om vi kan lage det.

Ein designar verdset og oppfordrar til kritikk.

Inga etisk retningsline skal beskytte arbeidet ditt mot kritikk, om det så er frå oppdragsgjevar, det offentlege, eller andre designarar. Du skal i staden ønske kritikk velkomen, slik at du kan produsere betre arbeid i framtida. Dersom det du gjer er så skjørt at det ikkje kan overleve kritikk, så bør ikkje det eksistere. Tida for å nøye vurdere arbeidet ditt er før du slepp det ut i verda; ver open for at den kritikken kan kome frå kor som helst.

Kritikken si rolle, når den er gjeve på rett måte, er å evaluere og forbetre arbeid. Kritikk er ei gåve. Den gjer godt arbeid betre. Den hindrar dårleg arbeid i å sjå dagens lys.

Kritikk bør alltid etterspørrast og ønskast velkomen på kvart einaste steg i designprosessen. Du kan ikkje fikse ei kake som allereie er baka, men du kan auke sjansane for at prosjektet ditt går bra dersom du får tilbakemeldingar tidleg og ofte. Det er ditt ansvar å spørje etter kritikk.

Ein designar strevar etter å kjenne dei ein designar for.

Design er den tilsikta løysinga på eit problem, innanfor gjevne rammer. For å vite om du løyser desse problema på ein tilfredsstillande måte er du nøydd å møte folka som har dei. Om du er del av eit team, så bør teamet ditt streve etter å reflektere dei folka. Di meir ein sånn arbeidsfellesskap kan spegle dei folka dei lagar noko for, dess grundigare kan dei løyse desse problema. Eit sånt team kan ha ei anna tilnærming til problemet, med forskjellige bakgrunnar, med forskjellige behov og erfaringar. Nokon med kun eitt perspektiv vil aldri forstå rammene dei må designe for like godt som nokon med fleire perspektiv.

Kva med empati? Empati er eit litt finare ord for eksludering. Viss du ønskar å vite korleis kvinner vil bruke noko du lagar, så får du ei kvinne med i teamet som lagar det.

Ein designar trur ikkje på unntakstilfelle.

Når du avgjer kven du designar for, avgjer du òg kven du ikkje designar for. I fleire år har vi referert til folk som ikkje er naudsynte for suksessen til eit produkt som «unntakstilfelle». Vi har marginalisert folk. Og vi har bestemt at dette var folk i verda som ikkje var verde å løyse problem for.

Facebook hevdar no å ha to milliardar brukarar. Éin prosent av to milliardar brukarar, som mange designarar ville ha omtalt som eit unntakstilfelle, er 20 millionar menneske. Dette er folka i ytterkantane.

“When you call something an edge case, you’re really just defining the limits of what you care about.” — Eric Meyer

Dette er transpersonar, som fell utanfor i prosjekt som krev «ekte namn». Dette er einslege mødre som fell utanfor når «begge foreldra må signere». Dette er eldre innvandrarar som møter opp til val, men ikkje finn valsedlar på deira eige språk.

Desse er ikkje unntakstilfelle. Dei er menneske, og vi skuldar dei det beste arbeidet vårt.

Ein designar deltek i ein profesjonell fellesskap.

Du er del av ein profesjonell fellesskap, og korleis du opptrer og gjer jobben din påverker alle i denne fellesskapen. På same måte som stigande tidevatn påverker alle båtane, så vil det å drite i bassenget påverke alle som sym der. Viss du er uærleg med ein kunde eller arbeidsgjevar vil designarene etter deg betale for det. Om du jobbar gratis vil det vere forventa at designaren etter deg vil gjere det same. Dersom du ikkje nektar å utføre dårleg arbeid, vil designaren etter deg jobbe dobbelt så hardt for å gjere opp for det.

Medan ein designar har ei etisk plikt til å tene til sitt eige liv så godt dei ein kan, vil det å gjere det på bekostninga av andre designarar påverke oss alle negativt. Aldri halld ein annan designar nede for å bringe deg sjølv fram. Dette inkluderer offentlege redesign av andre sitt arbeid, spesifikasjonsarbeid (spec work), uoppfordra arbeid og plagiat.

Ein designar ønskar å bygge fellesskapen, ikkje dele den opp.

Ein designar verdset ein mangfaldig og konkurransedyktig fellesskap.

Ein designar ønskar å lære gjennom heile karriera si. Det inneber å konfrontere det ein ikkje veit. Det inneber å lytte til erfaringane til andre menneske. Det inneber å invitere og oppfordre folk frå andre bakgrunnar og kulturar. Det inneber å gje plass rundt bordet til folk som samfunnet historisk sett har haldt nede. Vi må gje plass i yrket vårt til som tradisjonelt sett har blitt marginalisert. Mangfald fører til betre resultat og løyisngar. Mangfald fører til betre design.

Ein designar held kontroll på egoet sitt, veit når ein skal halde kjeft og lytte, er klar over sine eigne fordommar og ønskar at dei vert utfrodra, og kjempar for å lage plass til dei som har vorte tagde.

Ein designar tek seg tid til sjølvrefleksjon.

Det er ingen som plutseleg vaknar opp ein dag og bestemmer seg for å hive etikken ut vindauget. Det skjer sakte – steg for steg, ut på sleipt terreng. Det er ei rekke med mindre avgjersler som verker greie der og då, men før du veit ordet av det designar du filtreringsgrensesnitt til våpenseksjonen i ein nettbutikk.

Ta tida til sjølvrefleksjon med jamne mellomrom. Evaluer beslutningane du har teke i det siste. Er du sann mot den du er? Eller driv du sakte med å flytte dei etiske grensene dine i lag med lønnsaukingar og opsjonar?

Er du på veg i feil retning? Fiks det. Er arbeidsplassen din eit uetisk helvete? Finn deg ein ny ein.

Jobben din er eit val. Ta det rette valet.